Søknadsfrist: KORO sin LOK-ordning

Når:
1. februar 2019 heldags
2019-02-01T00:00:00+01:00
2019-02-02T00:00:00+01:00
Hvor:
på internettet
https://koro.no/arbeidsomrade/lokalsammfunnsordninga-lok/

1.januar 2019 etablerer KORO ei ny, søkbar tilskotsordning som skal stimulere til utvikling, produksjon og formidling av kunst i offentlege rom i lokale kontekstar over heile landet. Den nye ordninga har fått namnet Lokalsamfunnsordninga (LOK). Den erstattar dei to kunstordningane KOM (kunstordninga for kommunale og fylkeskommunale bygg og anlegg) og URO (kunstordninga for offentlege uterom). Gjennom den nye ordninga vil KORO styrke samarbeidet med kunst- og kunstnarmiljøa i regionane og med kommunar og fylkeskommunar. Dette kan de gi tilskot til:

  • Tilskot til finansiering av kunstprosjekt og kunstverk
  • Produksjonsbistand og rådgiving til både kunstnarar og aktørar i kommunesektoren
  • Opplæring, kompetanseutvikling og kunnskapsdeling
  • Utviklingsorienterte samarbeidsprosjekt

Les retningslinjer og finn ut hvordan du søker på deres hjemmesider.

FRIST 1. FEBRUAR!